
- Vil setja fokus på verdidebatten

- Dei kristne verdisakene er sjelden oppe på det politiske kartet, meinar Bjarne Bjelland. Den tidlegare KrF-politikaren i Stavanger er med i interimstyret for det nye politiske partiet "De kristne". No håpar dei på å få stilla lister til Stortingsvalget i 2013, i allefall i vestlandsfylka Rogaland og Hordaland.
I fjor haust kom dei inn i kommunestyret på Bømlo. No vil dei inn i rikspolitikken. Partiet De kristne håpar å få folk inn på Stortinget i 2013.
Ein av dei som er med i interimstyret er Bjarne Bjelland, kjent som tidlegare representant for Kristeleg Folkeparti i bystyret i Stavanger.
Me spør Bjarne Bjelland kvifor dei no startar eit nytt politisk parti?



