
Svar på romjulskonkurransen!

Mange takk for svært god respons på romjulskonkurransen. Høyr den noko omstendelege trekninga på direkten..... .
Mange takk for svært god respons frå ulike delar av landet. I overkant av 100 svar kom inn, via e-post, SMS og telefon.
Vinnararen av Nytt Liv Media sin reisebag blei Charlotte Kolnes frå Laksvevåg. Ho blei trekt ut i vår direktesending "Ni te elleve" fredag 6. januar.Gratulerar!
Frå tirsdag til fredag i romjula hadde me altså gåande ein romjulskonkurranse, både på radioen og her på nettsida. Me presenterte eit spørsmål kvar dag:
Spm 1 - tirsdag 27. des: Kva er namnet på den nest største byen i Skottland ? Svar: Edinburg
Spm 2- onsdag 28. des: I dag skal me fram til namnet på ein person. Eit par årstal skal hjelpa deg på veg: Han blei fødd i 1911. Og i 1981 blei han president. Første bokstaven i fornavn og etternavn er den samme. Kva heitte denne mannen? Svar: Ronald Reagan
Spm 3 - torsdag 29. des: I 1949 grunnla dei to brørne, Kristian og Ingebret Søyland ei bedrift på Jæren. Kva varemerke blei denne bedrifta kjent for? Svar: Brøyt
Spm 4 - fredag 30. des: Me skal fram til namnet på ein by langs kysten av Sør-Sverige. Det er fem bokstavar i namnet. Siste bokstaven er D for David og byen ligg i Skåne. Kva heitte byen? Svar: Ystad
Når første bokstav i svara blir stokka om, får me løysingsordet; namnet på ein plass i Rogaland: BYRE
Høyr Ingve og Inge på direkten med det gode, gamle basartrekkeapparatet. Var den nokon som sa at alt må gå så fort føre seg no til dags ..... ?



