
- Dei reiste i frå Jesus

- Det er lett for oss menneske å fara så fort avgarde i det me gjer, seier Odd Dubland. Han har gjort seg nokre tankar om då foreldra ikkje fann igjen 12 år gamle Jesus.
Kunstnaren og predikanten Odd Dubland var med oss i innslaget "Odd i Krånå" på mandag. Han tok oss med til bibelhistorien i Lukasevangeliet om då Jesus var 12 år gamal og foreldra begynte å leita etter han.
Bibelteksten for søndag 8. januar står i Lukas kapittel 2 vers 40-52.
Inge Kallestad tok kontakt med han "Odd i Krånå" i Dirdal i "Ni te elleve-sendinga" mandag 9.januar.



